Programslepp for Telemarkfestivalen

- Telemarkfestivalen har gleda av å presentere hovuddelen av konsertprogrammet til det som blir den 15. festivalen i Bø. Telemarkfestivalen satsar friskt med eit omfattande konsertprogram med mange spanande prosjekt - på artistlista finn du om lag 140 artistar fordelt på 20 store og små grupper. Telemarkfestivalen har i år lagt seg på siste helga i juli og ligg med det i år helga før vår festivalnabo; Notodden Bluesfestival, skriv dagleg leiar Øystein Akselberg. Knut Buen, Agnes Buen Garnås, Sondre Brattland og Kaizers Orchestra er blant artistane i år.

Agnes Buen Garnås (Foto: Anders Bruen)

PROGRAMSLEPP TELEMARKFESTIVALEN 29. JULI - 1. AUGUST 2004

Av Øystein Akselberg, Telemarkfestivalen

Verdensmusikken har stor appell blant festivalen sitt publikum, og me vil gjennom gruppene L’Ham de Foc frå Spania, Gráda frå Irland, Bazar Blå frå Sverige og finsk-samiske Niko Valkeapää vise at folkemusikken i dette formatet står for nyskaping og tradisjon i ei svært spanande blanding.

Telemarkfestivalen er ein viktig arena for den tradisjonelle folkemusikken; av spesielle prosjekt må me trekkje fram ein stor folkemusikkgalla: Buen/ Buen Garnås-konsert med heile seks utøvarar i ein og same konsert frå denne landskjente folkemusikkfamilien. Her står Knut, Agnes, Hauk, Ingvill, Per Anders og Jon Elling side om side i same konsert! Det vert elles nattkonsert med Sondre Bratland og Ingebjørg Harman Bratland i Gamlekyrkja i Bø. Den tradisjonsrike Borgjakonserten vert i år med Per Anders Buen Garnås. Det årvisse kvedarmøte vert i år med Unni Boksasp og Laila Yrvum.

Folkemusikken er vital som aldri før, og Telemarkfestivalen har ord på seg for å vise fram spennet og kontrastane i denne musikkforma. Festivalen har lange og gode tradisjonar med bestillingsverk, fleire av desse verka har blitt ståande for ettertid. I år har me invitert Anne Hytta til å lage ein bestillingskonsert, som ho har gitt namnet "Frå Andalusia til Telemark - langs refrengets reiserute". Ei anna urframføring blir å høyre på årets festival: Berit Opheim og Aasmund Nordstoga vil framføre eit verk som komponist Henrik Ødegaard har laga til tekstar av Jon Fosse. Som ikkje det er nok har Kari Lønnestad sett samen ein eigen trio spesielt til Telemarkfestivalen; Kari Lønnestad/ Leiv Solberg/ Tom Karlsrud.

Unge norske folkemusikarar, både i solo og samspel, utgjer ein større del av folkemusikk-rørsla enn tidlegare, og som tidlegare år vil du møte mange av desse på Telemarkfestivalen. Me vil nemne følgjande namn; Odd Nordstoga, Hanning Kanning, Filtermalt, Driv og Halvorsen-Bruvoll - både kjente og ukjente namn på den norske folkemusikkhimmelen.

På klubbkonsertane byr me på følgjande grupper: Kaizers Orchestra (med Øyvind Storesund frå Bø som ny bassist), Odd Nordstoga (med sine folkenrollviser, nytt band og ny CD), Bazar Blå (nyskapande svensk folkemusikktrio), Publiners (ettertrakta norsk folkrockband med irsk stil).

Nemnast må òg familie- og barneprogrammet: Jai Shankar m.fl. og Raymond Sereba, samt den årvisse suksessen med framsyning av sirkusskulen til Cirkus Sibylla.

Og enno er ikkje alle utøvarane nemnde - så fylg med!

Beste helsing
Øystein Akselberg

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no