Heilskapen er større enn summen av delane

Nordlysfestivalen er den første festivalen som har hatt besøk av samtlege av landets symfoniorkestre. Dette er kanskje ikkje eit mål i seg sjølv, men resultatet av samarbeidet mellom Tromsø og Kristiansand symfoniorkester var særs vellukka. Ballades utsendte har vore på konsert og lete seg begeistra.

Tromsø Symfoniorkester 2007

Av Ida Habbestad

Symfoniorkestra i Tromsø og Kristiansand slo seg saman for ei veke under Nordlysfestivalen i Tromsø. Fredag heldt dei konsert med Wallin, Sibelius og Sjostakovitsj på programmet – og med dette prova dei sine utsegn om at det første samarbeidet mellom landets nordlegste og sørlegste orkestre er eit storhende.

Med sine høvesvis 22 og 50 tilsette musikarar, oppnådde dei to orkestra gjennom samanslåinga ikkje noko anna enn ei normal orkesterbesetning. For landets to minste symfoniorkestre er ikkje standardbesetninga noko dei kan unna seg kvar dag – og for den betre vande var det lett å forestilla seg at dei to orkestra til saman berre ville utgjera eit middels bra symfoniorkester.

Slik vart det imidlertid ikkje. Snarare tilførte samansetjinga ein kvalitet ut over antalet musikarar og deira ulike utgangspunkt – ein kvalitet som ikkje enkelt let seg ordfesta, men som handla om musikarane si tydelege begeistring over prosjektet, repertoaret, dirigenten – og som alt frå starten manifesterte seg både i den musikalske og den visuelle opplevinga.

Samhandling – eller også berre handling?

Nærast som eit symbol på det ovanståande, vart konserten innleiia med Rolf Wallin sitt verk, ”Act”, som i følgje komponisten nettopp er ein hyllest til det samhandlande mennesket.

”Act” er eit usedvanleg bra stykke. Det fungerar godt både for orkestret og for lyttaren – og det er med rette at komposisjonen etter urframføringa ved Cleveland Orchestra i 2004 i ein samtidsmusikk-målestokk har gått som ein farsott, med konsertar i England, Austerrike, Island, samt hjå alle dei norske symfoniorkestra.

Gjennom verket illustrerer orkestret menneskeleg samhandling; frå opninga der musikarane presenterer sine individuelle, ueinsarta bidrag, til avslutninga der dei stadig meir trekkjer i same retning; einsretta, framover. Tross fokuset på å trekkja i felles retning, var det fascinasjonen over korleis enkeltstemmene var sette opp mot kvarandre i spaningstilhøve som var sentralt for underteikna ved denne framføringa. Tanken gjekk like gjerne til 'act' som til 'interact'; handlinga, rørsla, spelet – og alt som krever energi.

Tungt og uvørent

Kulturhuset i Tromsø kan ikkje seiast å vera skapt for symfoniorkesterkonsertar, og det var berre så vidt at samtlege musikarar fekk plass på scena. Det må òg vera utfordrande å vera solist med orkestret i eit rom der akustikken ikkje gjev utøvaren nokon hjelp overhodet. Rommet mogleggjorde likevel ein distinksjon som var interessant for alle dei tre verka. Særleg i kveldens andre verk, Sibelius’ fiolinkonsert i d-moll, var det ein spesiell klarhet ved framføringa, som gav rom for Sibelius mange nyansar i komposisjonen.

Kolbjørn Holthe, som òg er Tromsø-orkestret sin kunstnarlege leiar, gjorde ein overtydande jobb som solist, medan orkestret her kanskje ikkje alltid var like presise i si oppfylgjing. Både solisten og dirigenten tyktest framheva det varme uttrykket i denne framføringa. I tillegg framsto Holthe si tolking som både tung og uvøren – i positiv forstand. Til dømes var det tydeleg i 3. sats, der Holthe gravde seg djupt ned i klangen og henta ut det som fanst av tone i instrumentet, for så å gje slepp på denne klangen og brått gå vidare. Slik framsto tolkinga usentimental men likevel særs ekspressiv.

Rom for det individuelle

Konsertens definitive høgdepunkt var Dmitrij Sjostakovitsj 5. Symfoni. Verket vart på mange måtar ein styrkeprøve mellom dei ulike stemmegruppene i orkesteret - der alle gjekk seirande ut. 2. sats var ein høydare, der Rolf Gupta dansa for sitt publikum medan han let musikarane forma sine bidrag i valsen med særpreg.

I det vesle rommet med så mange musikarar vart lydnivået etterkvart overveldande – eit massivt trøkk slo mot tilhøyrarane så heftig at heller ikkje musikarane klarte skjula si boblande begeistring over sin eigen produksjon av lyd; dei sat glisande på podiet gjennom den siste intense utblåsninga i 4. sats.

Er det rart ein blir begeistra?

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no