Forstokka haldningar og spennande musikk

DEBATTINNLEGG: I siste Spelemannsbladet stiller Tellef Kvifte spørsmål ved hovudstadspressa sin haldning og kunnskap om norsk tradisjonsmusikk. Reaksjonen kjem frå Svein Ove Bakke under tittelen ”Folkefiender”. I dette innlegget nyanserar Hilde Bjørkum (direktør i Førde folkemusikkfestival) og musikar Elisabeth Kværne bildet av Tellef Kvifte som ein gretten, gamal gubbe. - Vi ser fram til den dagen nysgjerrige og fordomsfrie musikkjournalistar lyttar seg opp på real folkemusikk og møter den med eit ope sinn, skriv dei to.

Hilde Bjørkum, Førde, 2005

Av Hilde Bjørkum, direktør for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival (bildet) og Elisabeth Kværne, musikar

Som kjent er det ikkje enkelt å drive mediekritikk i Norge, slik også denne gongen: Svaret frå Sven Ove Bakke bidreg berre til å understreke Tellef Kvifte sine poeng.

Arrogant ignorering

Tradisjonsmusikarane sjølve veit at dei er viktige aktørar i samtidas musikk og kulturliv. Dei veit at dei forvaltar ei uttrykksform som i likskap med den klassiske musikken har overlevd og blitt verdsett gjennom generasjonar.

Dei er ein sjølvstendig sjanger med grammatikk og språk fullt ut eigna til å stå på eigne bein, men som til alle tider lever i fruktbar sameksistens og utveksling med andre uttrykk. Dette er også eit mangfaldig publikum og arrangørar over heile landet klar over.

Hovudpoenget til Kvifte er at musikkjournalistane i hovudstadspressa fyrst interesserar seg for folkemusikken når den går ut av sitt eige uttrykk, heilt eller delvis, og står fram som ein del av andre sjangrar; klassisk, rock eller jazz m.m.

Gjennom pressa si arrogante ignorering av folkemusikken som sjølvstendig sjanger framstår norsk kulturliv fattigare, og publikum blir mindre merksame på ei fasinerande musikkform.

Gamle, gretne gubbar

Bildet Bakke teiknar av Tellef Kvifte som ein representant for gamle, gretne gubbar, mørkemenn i tradisjonspolitiet, fell på sin eigen urimelegheit.

Som musikar er Tellef aktiv innan tekno, jazz og tradisjonell, men grensesprengande folkemusikk. Mellom anna leia han i ei årrekkje det vellukka Talentprosjektet i regi av Førde Internasjonale Folkemusikkfestival der unge musikarar frå fleire kontinent jobbar fram eit felles uttrykk innan verdsmusikk.

Allereie i 1979 fekk Tellef sin første Spelemannpris for nyskapande samspel i gruppa ”Slinkombas”. Nye samspelformer førte til endå ein Spelemannpris for multimusikaren Tellef Kvifte, for utgjevinga ”På langeleik” i 1985.

Det frodige miljøet i Bærum Spelemannslag, der både stjernene i Valkyrien Allstars og Tellef Kvifte i dag har sin plass, er eit spennande, hovudstadsnært kulturfenomen som kunne ha fortent merksemd frå vakne musikkjournalistar!

Vi ser fram til den dagen nysgjerrige og fordomsfrie musikkjournalistar lyttar seg opp på real folkemusikk og møter den med eit ope sinn!

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no