Mangfaldige utfordringar

SEMINAR: Ei rekkje spørsmål kom fram under Kulturrådet sitt seminar om musikkensemble torsdag. Ballade var til stades, og freistar her oppsummera nokre av dei mange utfordringane som vart reist. Og skal ein tru musikarane, virkar eitt problem overordna: Ensemblestønaden er gull verdt, men er ikkje tilstrekkeleg til større satsingar for enkeltensembla.

Mynter 1



Av Ida Habbestad


I forkant av Løken-rapporten som er forventa levert torsdag, arrangerte Norsk kulturråd førre torsdag eit seminar om musikkensembla, med fokus på deira produksjons- og finansieringsvilkår.


Føremålet frå Kulturrådet si side var å komma i kontakt med ensemblemusikarane, og få innspel på kva dei sjølve ser som sine største utfordringar. Mellom anna stilte dei spørsmål ved kva ensembla treng stønad til og kva forventningar dei har til Kulturrådet si forvalting av den offentlege stønaden.

Ei rekkje ensemble var representerte gjennom enkeltmedlem. I det første panelet sat Synnøve Bjørset (Majorstuen), Abuwa Edema (Shekere), Hans Knut Sveen (Bergen Barokk), Ivar Peersen (Enslaved) og Bjørnar Habbestad (N ensemble).


Dei skisserte ulike utfordringar for ensembla sine, og trass deira ulike musikalske bakgrunn var hovudbodskapet samstemt:

Ensemblestønaden er av stor betydning for samtlege, men strekkjer ikkje til så dei kan satsa skikkeleg på det respektive ensemblet. På Kulturrådets spørsmål om kva type stønad ensembla treng mest; innøving og komponering eller profesjonalisering av konsertproduksjon, formidling, management, administrasjon og booking – tyktest svaret vera eit omfattande både òg.  

Om noko likevel vart særleg betont, var det den administrative belastninga som ofte ligg på musikarane i ensembla – med søknadsskriving, booking, kontraktar og reisebestillingar – som opplevest slitande for mange. Ivar Peersen i Enslaved peikte dessutan på at ein i turnéplanleggjing ofte må kasta seg rundt og akseptera gode tilbod lenge før ein har oversikt over i kva grad finansieringa er på plass. Turneverksemda er for deira del i stor grad risikoprosjekt, der førebels finansiernigar gjennom private lån ikkje er uvanleg.

Eit viktig bodskap frå Kulturrådet i så måte, var at det er lov å be om hurtigbehandling av søknader ved særskilde behov – og dei understreka at terskelen for å ta kontakt med rådet skulle vera låg.



Mange ynskjemål – liten diskusjon


I det andre panelet sat Line Endresen (Gramart/tidlegare dagleg leiar BRAK), André Larsen (Det Norske Solistkor), Stein Henrichsen (BIT 20 ensemble), Jon Balke (MAU, Norsk jazzforum).

Jon Balke innleiia med å presentera sentrale utfordringar for musikarane framover. Med eit stadig aukande antal studieplasser i utdanningsinstitusjonane får me stadig fleire dyktige musikarar, utan at der nødvendivis er ei tilsvarande auke i antallet spelejobbar. Med lågare platesal vert konkurransen stadig hardare, og vilkåra ikkje dei beste for musikarane.

Balke foreslo moglege løysingar på dette, mellom anna i form av betre tilretteleggjing av offentlege tenester for musikarar, enklare krav til verksemdene til sjølvstendig næringsdrivande og liknande.


Forslaga hans vart ikkje i særleg grad diskuterte – og dette vart eit sakn under seminaret. Mange ynskjemål hang i lufta, utan at ein drøfta prinsipielle spørsmål kring dei. Er det er rett at det offentlege skal stø musikarar, ikkje berre gjennom midlar til prosjekt, men spesifikt i handteringa av deira private kvardag? Er det er bra at så mange musikarar vert utdanna når marknaden tilsynelatande er så hard? Ynskjer ein meir støtte til fleire, eller skal mange få litt kvar?



Ei rekkje spørsmål


Vidare i panelet peikte dagleg leiar i Det Norske Solistkor, André W. Larsen, på korleis ensemblestønaden i dei større ensembla i stor grad vert nytta til å sponsa festivalar. Festivalane har ikkje alltid råd til å betala reiseutgiftene til store grupperingar, og let ensembla kosta dei sjølve. Ei uhensiktsmessig stor del av ensemblestønaden vert dermed nytta på reising, meinte han.  


Line Endresen i Gramart reiste elles spørsmål ved om dei to ordningane bør operera med sjangerskilje. I regelen er det pop/rock-miljøet som får stønad frå Tarp-ordninga, og mange av søknadene frå dette miljøet til Ensemblestøtteordninga vert overførte dit.

Eit spørsmål som var stilt av Kulturrådet, men som ikkje kom særleg opp, var korleis ensembla kan bidra til kulturelt mangfald i musikkfeltet. Kanskje var ikkje dette det mest relevante spørsmål for grupperingane, som i kraft av sine ulike bakgrunnar i seg utgjer eit stort kulturelt mangfald på kulturkartet.

Ein tydeleg kommentar om dette kom imidlertid frå Abuwa Edema i Shenkere, som etterlyste større aktivitet i mangfoldsåret.

- Det er Mangfoldsår, men det skjer ingenting! sa han under sitt innlegg.

Hilde Bjørkum i Førde Internasjonale Musikkfestival (og medlem av fagleg utval for musikk i Kulturrådet) kommenterte at det er ynskjeleg med ei betydeleg profesjonalisering av heile dette feltet, som organisasjonsmessig er nokså ungt i høve til dei meir tyngre miljøa.

Frå salen vart det dessutan reist spørsmål om korleis ein kan finansiera enkeltmusikaren som arbeider i mange ulike konstellasjonar med sine prosjekt. Per i dag gjeld ensemblestønaden for fast etablerte konstellasjonar, medan mange enkeltmusikarar som arbeider med prosjekt der dei hentar inn ulike folk frå gong til gong, ikkje har høve til å søkja den same langsiktige stønaden.



Prioritering den største utfordringa?


Med andre ord; der kom ei rekkje utfordringar på bordet under seminaret, dei fleste godt kjende både frå Kulturrådet og ensembla si side.

Hovudproblemstillinga slik me ser det, er likevel knytt til prioriteringane i Kulturrådet som for 2008 fordelte 15,2 millionar delt mellom 95 musikkgrupper, med storleik frå 50 000 til 1 million.

Når samtlege involverte musikarar meddelte at stønaden ikkje er tilstrekkeleg, er dét eit tydeleg signal om at Kulturrådet kanskje bør prioritera høgare stønadsbeløp på færre ensemble – nok ein gong utan at musikarane eksplisitt uttrykkte om det er dette dei ynskjer.

Når Løken-rapporten etterkvart ligg på bordet, vert ein kanskje klokare i høve til korleis enkelte byråkratiske problemstillingar er tenkt løyst. Truleg reiser den òg nye spørsmål. Det skulle med andre ord vera klart for ny debatt når rapporten er presentert, etter planen førstkomande torsdag.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til

Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no