Unge talent i operaen

Søndag 14. juni samlast 85 unge musikarar for å gje konsert i Operaen.

Unge Musikere (FOTO: Marius E. Haug/Norges Musikkhøgskole)

Talentutviklingsprogrammet ”Unge musikarar” er etablert for å gje særleg dyktige musikarar mellom 16 og 19 år høve til å kombinera allmennopplæring i vidaregåande skule med instrumentalundervisning på høgt nivå.

Somme av dei 85 unge medverkande som held konsert søndag, er dels tilknytte dette programmet ved Norges musikkhøgskole.

I tillegg kjem konserterande frå Vestfold ungdomsstrykeorkester, Fredrikstad kulturskoles kammerorkester, Oslo Strykerne Sør og Junior Strings.

På programmet står mellom anna ”Liten serenade for strykeorkester, op 12” av Lars Erik Larsson, ”The chase” av David Shaffer samt første sats frå Grieg sin ”Holbergsuite” (det fullstendige programmet finn du på nmh.no).

Kunstnarleg leiar for konserten er fiolinist og pedagog Terje Moe Hansen.

”De unges konsert” på scene 2 i Den Norske Opera & Ballett søndag 14. juni kl 15.00.

Det er Norges musikkhøgskole som melder dette.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no