Dagsaktuelle historier

Hardingfelespelar Gro Marie Svidal arbeider ikkje berre med ein munnleg tradisjon – men òg med munnleg presentasjon av folkemusikken.

Gro Marie Svidal/09-2 Foto: Sigrid Winther

Av Ida Habbestad

Hardingfelemusikken har røter langt attende i tid. Korleis kan ein dagsaktualisera slåttane, skapa rom for oppleving og forståing og styrkja møtet mellom utøvar og publikum i ein hardingfelekonsert, spør Gro Marie Svidal.

Spørsmåla har vore utgangspunkt for mastergradsprosjektet hennar, der slåttemusikken vert presentert i ei form der utøvaren ikkje berre fungerer som musikar, men òg har funksjon som guide.

- Det viktigaste for meg er å nå ut til eit publikum, både emosjonelt og intellektuelt, seier ho til Ballade.

Formidling er altså eit sentral aspekt for hardingfelespelaren frå Jølster i Sogn og Fjordane. Svidal har utdanning frå Ole Bull Akademiet og Norges musikkhøgskole. Ho spelar tradisjonelt repertoar, mellom anna finst eit utval på soloplata "Hardingfele", og ho har henta inspirasjon frå lærarar som Sigmund Eikås, Håkon Høgemo, Leif Rygg og Bjørn Kjellemyr. (Lytt til musikken til Svidal her).

Gjennom studietida har imidlertid spørsmåla om tilhøve ikring musikken komme meir og meir i fokus, og under Osafestivalen denne månaden, presenterer ho resultat av arbeidet så langt. I korte trekk handlar det om å gje ein relevant og annleis munnleg presentasjon i tillegg til den musikalske framføringa.

Eit utgangspunkt for dette, er nyfikna på konserttradisjonen innan folkemusikk som sådan.

- Det er ingen som sikkert veit kva som har ført til at konserttradisjonen til hardingfelespelemenn har utvikla seg slik vi tradisjonelt kjenner den. Vi veit framføringstradisjonen er ung, då Myllarguten var den første som tok denne musikken opp på ei scene. Vi veit òg at spelemenn ofte fortel mykje om slåttane sine. Eg har lurt på om historiene og informasjonen har samanheng med at ein ynskjer å skape spesielle kontekstar slåttane kan opplevast i, ut frå at musikken opphavleg var bruksmusikk. Eller at utøvaren vil skape nye og eigne kontekstar for musikken. For nokre spelemenn er den munnlege presentasjonen, historiene og utanomsnakket ein måte å kome i kontakt med publikum på.

- Alt dette har eg høve til å gjere: Eg kan skape gamle og nye kontekstar verbalt og eg kan vere medviten kring min eigen representasjon. Eg kan skape eit bilde av meg som utøvar og opprette nærleik til publikum, seier Svidal.


Byggja bru mot det gamle – og skapa nytt
Eitt anna utspring for arbeidet er det faktum at slåttetradisjonen frå Sogn og Fjordane – som i stort er den Svidal konsentrerer seg om – sjeldan har konkrete historier knytte til seg.
- Ofte har desse slåttane ikkje ein gong nokon tittel. Det einaste eg har å forhalde meg til, er situasjonen slåtten har vore nytta i, namnet på spelemannen eg har lært slåtten av eller som er kjelde til transkripsjonen, og kva spelemann han har den etter, seier Svidal.

I dei tilfella der historier er knytte til slåtten, handlar dei ofte om emne som speglar ei svunnen tid, og som gjev opplysningar om samfunn og levemåtar me ikkje finn i dag, forklarer Svidal.

- Me har til dømes ”Bjølleslåtten” som skildrar korleis spelemannen sin slått blanda seg med lyden av bjøllene på hesten då han følgde eit brudepar som rei til brudlaup. Det er romantisk og fint – men framfor slike historier stiller eg spørsmål ved kva som gjer dei interessante å fortelje i dag. Somme av historiene har ein underhaldningsverdi, men kanskje blir dei meir aktuelle gjennom mine tolkingar – eller ved at ein byggjer bru mot noko me kan identifisere oss med idag.

I mangel på forteljingar har ho difor knytt sine eigne forteljingar til slåttane.

Kva historier er du interessert i å fortelja?

- Musikken står utmerka på eigne føter, men når eg presenterer vil eg fortelje korleis eg har møtt musikken, samt ulike spelemenn som har nytta den, eller korleis eg har jobba når eg har teke tak i arkivmateriale. Eller eg kan fortelje om prosessen med eit stykke musikk når eg berre har ein note og ikkje noko namn å forhalde meg til; når eg ikkje veit kven personen som laga musikken var eller korleis vedkomande spelte, svarer Svidal.


Guiden som ikkje forklarer for mykje
Så langt i prosjektet har ho hatt to konsertar der ho i etterkant har lete publikum gje attendemeldingar på det munnlege. Attendemeldingane er ulike, men gjev ein peikepinn om at di meir forteljingane er personlege, di sterkare opplever lyttaren musikken.

Svidal er imidlertid merksam på at der finst utfordringar tilknytt dette.

- Særleg personar som ikkje har stor kunnskap om, eller har lytta mykje til folkemusikk, har meldt attende at munnlege presentasjonar skapar større høve for dei til å lytte, som ein guide kan visa ein person omkring i eit kunstgalleri.

- Samstundes ynskjer eg ikkje å overforklare – å tre tolkingar av musikken over hovudet på folk, eller at teksten skal stå i vegen for musikken. Eg er på jakt etter den gode balansegangen mellom å fortelje, underhalde, opplyse og sette publikum i ei stemning. Eg ynskjer ikkje bruke orda for å tillegge musikken noko; eg prøver heller å peike på musikken. Òg å setje meg sjølv i ei stemning som gjer at eg maktar å tolke den slik eg ynskjer, seier ho.

Med studentpilotmidlar frå NMH har Svidal kunna hyra inn regissør Mette Brantzeg som konsulent i spørsmål om korleis tekst og presentasjon kan gjerast tydelege utan å ta fokus vekk frå musikken.

Har arbeidet med det munnlege påvirka måten du arbeider musikalsk?

- Absolutt. Fokuset på tekst og korleis ein kan presentere ein slått, har fått meg til å sjå fleire måtar å tolke slåttar på. Alt etter kva tekst som eg til ei kvar tid legg vekt på, kan eg framføre slåtten i dette moduset eller lynnet. I tillegg har det påverka korleis eg bestemmer rekkefølgja i ein konsert. Tidlegare har eg veksla mellom å la musikken og innhaldet i teksten bestemme rekkefølgja. Denne gongen har eg kun tenkt musikalsk og valt ut frå korleis slåttane står ved sidan av kvarandre. Teksten er laga etterpå, med fokus på å skape ein raud tråd, seier Svidal.


Lite gjort på viktig felt
Siste ledd av oppgåva er eit skriftleg arbeid, der Svidal fortel om røynslene ho har gjort undervegs. Finst der formidlingslitteratur å gå i diskusjon med?

- Det finst nokre masteroppgåver og doktorgradsavhandlingar som rører seg innanfor nesten same feltet. Der finst òg litteratur som omhandlar dramaturgi i konsertar og kring det å presentere musikk. Men generelt er det lite som er gjort på feltet. Det er eit emne som eg trur mange musikarar tenkjer på kontinuerleg, men som ikkje så ofte ender i skriftlege arbeid. Det handlar jo mykje om storleikar som ikkje er så lette å berøre, om kommunikasjonen og møtet mellom utøvaren og lyttaren i live situasjonar.

- Samstundes trur eg at dette er noko av det viktigaste vi held på med, avsluttar Svidal.


Konserten til Svidal finn stad under Osafestivalen 24. oktober. Fullstendig program for Osafestivalen finn du her. Meir om Gro Marie Svidal hjå Norsk folkemusikkformidling.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no