MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Oslofilharmonien i Berlin (Magma 2002) (184x246)Valen i Berlin - ein mental referanse

Publisert: 11/27/2002 av Nicholas H. Møllerhaug

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2002112711251938989242

Femti år etter at han døydde i Valevåg har ein spelt eit betydeleg orkesterverk av Fartein Valen i hans andelege heimby. Det var i Berlin han tok sjølve steget inn i snuoperasjonen frå tonalitet til atonalitet. Der studerte han i fleire år og byen forblei heile livet også ein mental referanse." Ballades mann Nicholas H. Møllerhaug rapporterar på ny frå Magmafestivalen i Berlin.


Av Nicholas H. Møllerhaug, Magmafestivalen, Berlin:

Oslofilharmonien spelte 'Kirkegården ved Havet' av Fartein Valen igår kveld i Berlin. Kanskje utan å vite det har dei gjort ein solid og usynleg gestus for Fartein. Femti år etter at han døydde i Valevåg har ein endeleg spelt eit betydeleg orkesterverk av Valen i hans andelege heimby. Det var i Berlin han tok sjølve steget inn i snuoperasjonen frå tonalitet til atonalitet. Der studerte han i fleire år og byen forblei heile livet også ein mental referanse.

Det var nemleg her han fekk høyre mesteparten av musikken som vart hans eige fundament. Bach, Mozart, Brahms etc. Han gjekk som alle andre studentar i konserthuset - og traska frå kyrkje til kyrkje på orgelkonsertar. Her fylde han minnet med andre detaljar også: m.a. visittane i den Berlin Zoo og Aquarium. Dyreparken står framleis og er den eldste i Tyskland. Då han mange år seinare flytta til sitt otium i Valevåg, Sunnhordland var det denne andelege ballasten han tok av.

Kanskje hadde han - som så mange andre - ein skjult draum om å bli framførd i stort format i Berlin. Slik hadde han sjølv møtt dei andre store komponistane. Slike draumar går heldigvis lettare i oppfylling no om dagen - ikkje minst ved hjelp av Magmafestivalen. På tjuetalet då Fartein rusla gatelangs var det sikkert ei uoppfylleleg draum.

Igår skjedde det allikevel: for ein nesten fullstappa Berlinerfilharmoni - og det på ein tysdag. Difor trur eg dagen i går med Kirkegården som opning av denne spesielle OFOkonserten gjorde dagen stor. Iallfall for Valen-fans - som Ballade sin utsendte. Difor blir denne konsertgossippen prega av nett det.

Eg må allikevel nemne at OFO spelte forrykande godt og langstrakt program elles også. Olav Anton Thommessen, Magnus Lindberg, Torkell Sigbjörnsson og Sibelius var kollegaer av Valen som blei framførd.

Det er på høg tid at ein legg til rette for ein utoverretta speletradisjon for Valen sin musikk. Han må bli vurdert av utanlandske publikum også - har han fortend ein plass i det norske parnasset? Difor bør ein oppmode dirigentar med større horisont enn Svinesund å innstudere Valen også. Difor står det respekt av at Ashkenazy tek Valen i bruk (det er nemleg lenge sidan Ceccato gjekk inn for Valen i Bergen Filharmoniske). At han også går med på å spele det utanlands kan gjere noko med dette Valen-dilemmaet.

Valen er ein norsk komponist utanlandsk publikum har godt av å få høyre - han treng å bli bedømd på sine eigne premiss. At det er behov for dette ser ein på mottakinga den lekre Valen-plata 'The Eternal' Rune Grammofon gav ut. Ikkje utan grunn blei den rekna som ei av dei beste samtidsmusikk-platene i 2000.

Det engelske musikkbladet The Wire stod for kåringa - Då er det ok at ein etterkvart også får høyre musikken hans live. Og ikkje minst - hyppigare heime i gamlalandet - sjølv om både OFO og BFO gjer sitt for å gje publikum små doser med Valen.

Igår var det kanskje andre som fekk oppleve Valen på denne måten.
 

Relaterte bedrifter:

Magma 2002 Berlin, The Biennial Festival of Nordic Contemporary Music

Relaterte personer:

Fartein Valen, Komponist

Relaterte begivenheter:

MAGMA2002 Berlin

Relaterte artikler:

26.11.2002 Kammerteknikk med Cikadakvartetten

25.11.2002 Ballongar og disige avenyar

25.11.2002 Royalfotogén opnings-tone

21.11.2002 Signal om nordisk alkymi

18.11.2002 Valen og volumpedal

13.11.2002 MAGMA 2002: Himmelen over Berlin

12.11.2002 MAGMA 2002 - med blikket mot Europa

05.11.2002 Fartein Valen-stipend til Magnar Åm

13.06.2005 Norsk klavermusikk er mer enn troll og dovregubber

04.05.2005 Synne Skouen: - Viktig med felles front i debatten rundt orkestrene!

02.05.2005 Fartein Valen-prisen 2006

29.03.2005 Valen-festivalen 2005: Den 25. i rekken

17.03.2005 Fartein Valen: Vestlandspietist og moderne europeer

03.12.2004 Mye publikum på nordiske dager

18.06.2004 Masinandraina: Valens mytiske fortid

26.04.2004 Valen - en visjonær komponist

23.04.2004 Valen: En pioner i det 20. århundres musikk

23.04.2004 Valen-dagene åpner i Haugesund idag

26.01.2004 Nordisk Komponistråd: - Hva er nordisk musikk?

21.01.2004 Nordiske kor inntar Frankrike

25.09.2003 Ambassaden som kulturressurs

28.08.2003 MAGMA 2002 - 9 måneder etter

11.04.2003 Sterk platevår med Simax

11.04.2003 Fartein Valen på Simax: - Alvorsfylte motstemmer

03.12.2002 Buss-stereo

02.12.2002 Asheim fantastisk - Marhaug sabotert

29.11.2002 Det nye Titano: Trekkspelvreng og Kletzmer

28.11.2002 Morse: Dekoding og avlytting

Relaterte tema:

03.12.2002 Magma 2002 Berlin

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no