MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



"Tryllefløyta": Ein stemningsrapport

Publisert: 10/20/2005 av Frode Rolandsgard

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2005102013311618028381

Folkemusikk.no var fredag kveld gjestar på premieren på Tryllefløyta på Den Norske Opera, og la samme kveld ut denne stemningsrapporten. - Det var ei storslått framsyning, som kanskje varslar om nye tider for folkemusikken. Mest imponerte fanten og fenta, Odd Nordstoga og Berit Opheim, skriv Frode Rolandsgard i Folkemusikk.no.

Tryllefløyta - ein folkeopera, Rikskonsertene, 2005 (300x480)

Stemningsrapport frå "Tryllefløyta" - fredag 14. oktober 2005

Av Frode Rolandsgard, Folkemusikk.no

Folkemusikk.no var i kveld gjestar på premieren på Tryllefløyta. Det var ei storslått framsyning, som kanskje varslar om nye tider for folkemusikken. Mest imponerte fanten og fenta, Odd Nordstoga og Berit Opheim!

Dette var ein kveld for paradoks: Operasjef Bjørn Simonsen opna framsyninga. Han tala varmt og lenge om det unike tiltaket Tryllefløyta er, og helste statsminister Kjell Magne Bondevik velkomen blant publikum, - den siste kvelden hans som statsminister. Bondevik fekk masse skryt frå scena for dei store løyvingane operaen fekk i det nye statsbudsjettet. Sjølv sat vi i salen og tenkte på dei lusne kronene statsbudsjettet hadde til folkemusikk.

Pytt sann, dette var uansett folkemusikken sin kveld. Framsyninga starta roleg, med Harv, og at dei tre ternene Marit Mattisgard, Gro Kjelleberg Solli og Kirsten Bråten Berg kom fram på scena. Så kom dei i tur og orden, Fuglefanten Odd Nordstoga, Månefrua (og fuglefenta) - Berit Opheim, Ungsilja - Øyonn Groven Myhren, prins Sveinung - Jon Anders Halvorsen, Solsira - Aasmund Nordstoga og Annar Bye som Svein Svarte. Og for ikkje å gløyme gamlekarane Martin Myhr og Jon Ellingsen som verkeleg gjorde ein flott jobb som skumle dansarar.

Kritikkane finn de i avisene i morgon, men inntrykket er ei på mange måtar vellukka framsyning, trass i skodespelarprestasjonar som veksla mellom det gode og det stive. Det var flott å sjå folkemusikken inn i dei rammene som ei stor scene kan gje, og å sjå at musikken vår ikkje har noka problem med å fylle forma.

Det var diverre dårleg balanse mellom instrument og vokal, slik at det til tider var vanskeleg å få med seg tekstane. Dette hadde ein del å seia for opplevinga. Men dette er vel ting som går seg til... Musikken var god og fengande, med artige vriar på originalmusikken. Eg synest kanskje folkemusikkuttrykket kan bli intenst når eit heilt ensemble spelar, heile tida. Det vart iallefall ei vakker avveksling med dei fåe enkle partia, der t.d. berre ein langeleik eller ei lyre var å høyre. Eg kunne såleis ha tenkt meg eit litt meir variert lydbilde.

Og heilt til slutt kom kulturminister Valgerd Svarstad Haugland fram. Ho skulle dele ut Rff-prisen for 2005 til Leif Stinnerbom. Så kom det iallefall litt frå kulturministeren til folkemusikken i 2005.

Note fra Ballade: Denne stemningsrapporten kan i sin opprinnelige kontekst leses på denne siden hos Folkemusikk.no, som er netttavisen til Landslaget for Spelemenn. Artikkelen er bragt videre av Ballade med velvillig tillatelse fra Rolandsgard, som ellers er rimelig opptatt med Folkelarm-arrangementet om dagen.

 

Relaterte bedrifter:

Landslaget for Spelemenn (Amatørorganisasjoner; Profesjonelle organisasjoner\Musikere)

Rikskonsertene (Konsert management / Event; Offentlige institusjoner)

Den Norske Opera (Utøverinstitusjoner\Opera)

Relaterte personer:

Frode Rolandsgard, Informasjonsansvarleg / Prosjektleder

Odd Nordstoga, Daglig leder

Aasmund Nordstoga, Sanger, Artist

Øyonn Groven Myhren, Folkemusiker, Kveder

Kirsten Bråten Berg, Kveder

Jon Anders Halvorsen, Vokalist

Berit Opheim, Folkemusikksanger

Relaterte artikler:

20.10.2005 Tryllefløyta – ein folkeopera: Rikskonsertenes største satsning noen gang

17.10.2005 - Eit defensivt farvel frå den avtroppande kulturministeren

17.10.2005 - Kulturkvartalet Schous må få ei avklaring i haust

17.10.2005 - Lite ambisiøst på vegne av kulturen

27.09.2005 Buen Garnås fikk ærespris

08.08.2005 Majorstuen vant INTRO-folk

15.04.2005 Folkemusikkgruppa Dvergmål på turné for Rikskonsertene

24.06.2004 Ei musikalsk bru mellom Noreg og Kina

28.09.2005 - En pris til folkemusikken

29.06.2005 Første kvinne på 45 år: Åse Teigland vant Landskappleiken på hardingfele

06.09.2005 Folkelarm: Ny platepris for folkemusikken

22.09.2008 Oslotradisjon i Oslo Ladegård

20.07.2007 Pionerar i folkemusikken

02.04.2007 Fra Nattens Dronning til englesang

29.01.2007 Våren på Rikskonsertene

02.01.2007 Draumkvedet i Gamle Aker Kirke

25.08.2006 Den radikale Carmen

26.04.2006 Operaen søker programredaktør

20.04.2006 Dinamo designer ny profil for Den Norske Opera

10.03.2006 Neue Vocalsolisten Stuttgart: oppdagelsreisende i moderne vokalkunst

09.03.2006 Himmelsk sang - og helvetes hyl

03.03.2006 IZZAT - en kjærlighetsopera

14.02.2006 - Knut Buen skyt i blinde

24.01.2006 - Satsing på utlandet må vera samstemt!

10.01.2006 2005: Allsidig og variert operaår

19.12.2005 LFS: - Viktig auke til folkemusikkfestivalane

18.11.2005 Den fjerde nattevakt: Suksess - tross alt

03.11.2005 Etter "Tryllefløyta": Vår heimlege stil i Operaen?

20.10.2005 "Tryllefløyta": Mozart i springartakt

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no