MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



I Lindemans fotefar: Tre timars storkonsert

Publisert: 12/01/2005 av Arvid Skancke-Knutsen

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2005120111574694688029

Norsk kvedarforum og Den norske folkemusikkscena samarbeidar om ein konsertserie basert på L.M.Lindeman sitt materiale. 7 kvedarar frå heile landet har enkeltkonsertar med materiale frå sitt lokalmiljø, og førstkomande laurdag, 3. desember, blir det ein felles, tre timars storkonsert på Oslo Ladegård. Dei sju kvedarane er Ragnhild Furholt, Gunnlaug Lien Myhr, Marit Mattisgard, Camilla Granlien, Sinikka Langeland, Øyonn Groven Myhren og Ingvill Marit Buen Garnås.

Ingvill Marit Buen Garnås (Foto: Telemarkfestivalen.no) (180x271)

Av Arvid Skancke-Knutsen

På midten av 1800-talet samla Ludvig Mathias Lindeman vokal folkemusikk frå ulike delar av landet. Nedteikningane hans er no komne ut i si heilskap i utgjevinga ”Ludvig Mathias Lindemans samling av norske folkeviser og religiøse folketoner” (Øystein Gaukstad / Institutt for sammenlignende kulturforskning 1997 og 2003 / Novus forlag).

I samband med at Lindemans samling av norske folketonar er komen ut i sin heilskap på Novus Forlag, har Norsk Kvedarforum og Den norske folkemusikkscena skipa konsertserien "I Lindemans fotefar".

Sju kvedarar har alt lenge sunge Lindeman-materiale frå ulike delar av landet. Fyrst ut var Camilla Granlien den 15. april i Sel. Deretter følgde Gunnlaug Lien Myhr den 22. mai i Ål, Ragnhild Furholt den 18. juni i Kristiansand og Sinikka Langeland på Prøysenfestivalen i juli. I haust var det konsertar med Marit Mattisgard i Valdres, Ingvill Marit Buen Garnås i Telemark og Øyonn Groven Myhren i Oslo.

Det blir no også ein felleskonsert i hovudstaden. Denne konserten finn stad i Oslo Ladegård, Oslogt. 13 på Grønland, 3. desember, kl. 19.

Konsertserien er støtta av Norsk Kulturråd, Fond for utøvende kunstnere, Fond for lyd og bilde, Lindemans Legat og Rådet for folkemusikk og dans.

Inngang kostar kr. 150,-, inkludert enkel servering. Vil du vera sikra plass kan billettar tingast på dnfs@folkemusikk.no, eller tlf. 22005695 innan 1. desember Konserten varar i heile 3 timar, inkludert pause .

Ludvig Mathias Lindeman var organist, komponist og folkevisesamlar. Han reiste rundt og samla mange av visene som seinere er blitt "ein del av vårt nasjonale repertoar", som Velle Espeland i Norsk Visearkiv har uttrykt det. Blant materialet på "Norske Folkeviser" (fyrste utgåve i 1850), som og Olea Crøger bidrog sterkt til, finn vi mellom anna "Bendik og Årolilja", "Falkvor Lommansson", "Liti Kjersti og bergekongen", "Margjit Hjukse", "Haugebonden", "Knut Liten" og Sylvelin", "Åsmund Fregdegjeva" - og "Draumkvedet".

Du finn meir om L.M. Lindeman og Olea Crøger i artikkelsamlinga nedanfor. Ein fersk artikkel om plateaktuelle Camila Granlien finn du på denne sida frå Norsk Folkemusikk- og Danselag.

Arrangørar er Norsk Kvedarforum, Den norske folkemusikkscena og Ladegården Middelalderkontor.
 

Relaterte bedrifter:

Norsk Kvedarforum (Foreninger)

Den Norske Folkemusikkscena (Amatørorganisasjoner; Konsert management / Event; Profesjonelle organisasjoner\Musikere; Støtteordninger)

Rådet for folkemusikk og folkedans (Bibliotek/arkiv\Fagbibliotek; Offentlige institusjoner; Støtteordninger)

Norsk kulturråd (Støtteordninger; Offentlige institusjoner)

Fond for lyd og bilde (Støtteordninger)

Fond for Utøvende Kunstnere (Støtteordninger; Støtteordninger\Plate; Støtteordninger\Konsert / Turné)

Relaterte personer:

Ingvill Marit Buen Garnås, Kveder, Artist

Camilla Granlien, Folkesanger/kvedar

Sinikka Langeland, Artist, Musiker

Relaterte artikler:

11.08.2004 Kvedarseminar om songtradisjonar frå Midt-Norden

28.04.2004 Finsk-norsk kulturpris til Sinikka Langeland og Ove Berg

25.08.2003 Vakker, viktig og forunderlig Essens

25.08.2003 Edvard-pris til Sinikka Langeland

23.08.2005 "Gåtesong": Historisk CD frå Etnisk Musikklubb

25.10.2002 Salmebok og folkevise - om Magnus Brostrup Landstad og Ludvig Mathias Lindeman

25.11.2005 Middelalderballader på CD for første gang

18.08.2009 Nye ideal i ”Vokal folkemusikk”?

30.08.2007 Bygda dansar i Oppland

19.07.2007 Andre generasjon Lindemangranskarar

03.07.2007 Camilla Granlien vant igjen

20.04.2007 Den Store Norske Gitarkvartett på Fabrikken

07.02.2007 Sigurd Johan Heide tar ny runde som prosjektleder i Bygda dansar

18.01.2007 Granli og Brimi med felles turné; innleder konsertsesongen på OsloFOLK

18.05.2006 Folkemusikkveka 2006: Frå stand up-kveding til folkemusikkmesse

29.03.2006 Sondre Bratland: - Set TONO pris på norsk folkemusikk?

17.01.2006 Hvor kommer våre folkeviser fra?

12.12.2005 Lei juleplatene, og lyst på litt begjær?

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no