"Tryllefløyta": Ein stemningsrapport

Folkemusikk.no var fredag kveld gjestar på premieren på Tryllefløyta på Den Norske Opera, og la samme kveld ut denne stemningsrapporten. - Det var ei storslått framsyning, som kanskje varslar om nye tider for folkemusikken. Mest imponerte fanten og fenta, Odd Nordstoga og Berit Opheim, skriv Frode Rolandsgard i Folkemusikk.no.

Tryllefløyta - ein folkeopera, Rikskonsertene, 2005

Stemningsrapport frå "Tryllefløyta" - fredag 14. oktober 2005

Av Frode Rolandsgard, Folkemusikk.no

Folkemusikk.no var i kveld gjestar på premieren på Tryllefløyta. Det var ei storslått framsyning, som kanskje varslar om nye tider for folkemusikken. Mest imponerte fanten og fenta, Odd Nordstoga og Berit Opheim!

Dette var ein kveld for paradoks: Operasjef Bjørn Simonsen opna framsyninga. Han tala varmt og lenge om det unike tiltaket Tryllefløyta er, og helste statsminister Kjell Magne Bondevik velkomen blant publikum, - den siste kvelden hans som statsminister. Bondevik fekk masse skryt frå scena for dei store løyvingane operaen fekk i det nye statsbudsjettet. Sjølv sat vi i salen og tenkte på dei lusne kronene statsbudsjettet hadde til folkemusikk.

Pytt sann, dette var uansett folkemusikken sin kveld. Framsyninga starta roleg, med Harv, og at dei tre ternene Marit Mattisgard, Gro Kjelleberg Solli og Kirsten Bråten Berg kom fram på scena. Så kom dei i tur og orden, Fuglefanten Odd Nordstoga, Månefrua (og fuglefenta) - Berit Opheim, Ungsilja - Øyonn Groven Myhren, prins Sveinung - Jon Anders Halvorsen, Solsira - Aasmund Nordstoga og Annar Bye som Svein Svarte. Og for ikkje å gløyme gamlekarane Martin Myhr og Jon Ellingsen som verkeleg gjorde ein flott jobb som skumle dansarar.

Kritikkane finn de i avisene i morgon, men inntrykket er ei på mange måtar vellukka framsyning, trass i skodespelarprestasjonar som veksla mellom det gode og det stive. Det var flott å sjå folkemusikken inn i dei rammene som ei stor scene kan gje, og å sjå at musikken vår ikkje har noka problem med å fylle forma.

Det var diverre dårleg balanse mellom instrument og vokal, slik at det til tider var vanskeleg å få med seg tekstane. Dette hadde ein del å seia for opplevinga. Men dette er vel ting som går seg til... Musikken var god og fengande, med artige vriar på originalmusikken. Eg synest kanskje folkemusikkuttrykket kan bli intenst når eit heilt ensemble spelar, heile tida. Det vart iallefall ei vakker avveksling med dei fåe enkle partia, der t.d. berre ein langeleik eller ei lyre var å høyre. Eg kunne såleis ha tenkt meg eit litt meir variert lydbilde.

Og heilt til slutt kom kulturminister Valgerd Svarstad Haugland fram. Ho skulle dele ut Rff-prisen for 2005 til Leif Stinnerbom. Så kom det iallefall litt frå kulturministeren til folkemusikken i 2005.

Note fra Ballade: Denne stemningsrapporten kan i sin opprinnelige kontekst leses på denne siden hos Folkemusikk.no, som er netttavisen til Landslaget for Spelemenn. Artikkelen er bragt videre av Ballade med velvillig tillatelse fra Rolandsgard, som ellers er rimelig opptatt med Folkelarm-arrangementet om dagen.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

2 lokale kommentarer til denne artikkelen

 

 
 
FOLK
Skrevet 31.10.2008 10:08 av Fadderullandei

Håper det blir mere folkemusikk på den nye operaen også.

Svar på kommentar

 
 
NYNORSK
Skrevet 26.02.2009 02:43 av Dan

Mere nynorsk på Ballade er bra :) Fint språk det.

Svar på kommentar


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no